Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg : ca. 200-1350
Knut DørumEirin Holberg

Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg : ca. 200-1350

2021Nynorsk368 siderOpplesing tilgjengelig
Denne boka er inkludert i abonnementet Allvit+
Visste du at du kan abonnere på pensumbøker og få tilgang til denne og omtrent 2000 andre bøker?Les mer om Allvit+

Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg ca. 200-1350 presenterer den nye forskinga som har kome om framveksten av høvding- og kongemakt i jernalderen, og om statsutviklinga frå slutten av vikingtida og fram til ca. 1350. Eit sentralt spørsmål er når Noreg vart ein stat, og om vi i det heile teke kan snakke om stat før 1350. Perspektivet er heile tida Noreg sett i lys av ei europeisk utvikling, samstundes som det særnorske får rikeleg plass.

Boka søkjer langt meir enn tidlegare framstillingar å foreine ulike fagtradisjonar, som arkeologi, stadnamnforsking, numismatikk, tradisjonell institusjonshistorie og historisk rettsantropologi. Målet er å gi fleire og ulike svar på kva som skapte politisk makt i romartida, folkevandringstida, vikingtida og mellomalderen. Kvifor har nokre meint at jernalderen og mellomalderen førte med seg sterk politisk maktoppbygging rundt konge og aristokrati, og etter kvart kyrkja, med sterke tendensar til stat? Kvifor har andre i staden skildra kongar på 1200-talet som ikkje mykje mektigare enn andre menn av aristokratiet, i eit samfunn der feidar var spelereglane i politikken?

Boka er tverrfagleg og er skrive av ein arkeolog og ein historikar i lag, og gir per i dag den mest omfattande oppdateringa av forskinga innanfor eit sentralt tema i norsk historie.

E-boka tilsvarer 1. trykte utgave 2017.

ISBN9788202723163
UtgiverCappelen Damm akademisk
Utgaveopplysning1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2017
ISBN på tilsvarende papirutgave9788202553005
Originalt formatPDF
ForfattereKnut DørumEirin Holberg
Tilgjengelig for opplesingJa
Inkludert i abonnementet Allvit+Ja

Om boka

Fagområde