Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Utmark i endring
Frode Flemsæter (red.)Bjørn Egil Flø (red.)

Utmark i endring

2021Bokmål, Nynorsk307 sider

Logg inn for å lese gratis

Logg innfor å lese gratis

Det er i ferd med å skje store endringar i den norske utmarka. Hyttebygging, rovdyr, beiting og aukande konfliktnivå mellom tradisjonelle og nye brukarar fører til heftige debattar om bruken av utmarka og utmarksressursane. I boka Utmark i endring gjev nokre av landets fremste samfunnsforskarar innanfor feltet utmark ei innføring i viktige endringar, og innspel til korleis ein kan bringe debattane rundt framtida til utmarka vidare. Bruk av utmark har alltid vore viktig for oss nordmenn. Her kan fritidsbustadar, vindkraftutbygging, gruvedrift og friluftsliv skape livskvalitet og arbeidsplassar. Samstundes utfordrar bruken både naturverdiar, kulturverdiar og tradisjonell utmarksbruk som sau- og reinbeite. Arealpresset i utmarka er veksande og kan føre til fleire interessekonfliktar. Kan beitenæringane overleve areal- og rovdyrpress? Kor mange fleire fritidsbustader toler utmarka? Kvar går grensa for tilrettelegging i friluftslivet? Kva for del av utmarkshistoria er det vi verdset? Bidragsytarane i boka kjem frå ulike fagfelt som geografi, sosiologi, jus, økonomi og filosofi – og gjev med dette ulike perspektiv på endringane i utmarka. Samla gir Utmark i endring eit vesentleg bidrag til utmarskforskinga, og kan fungere som eit diskusjonsgrunnlag for dei utfordringane som næringar, brukarar og forvaltarar av utmarka står overfor. Utmark i endring er tankevekkande lesing for alle med interesse for bruk og forvalting av utmarka. Dette kan vere studentar, forskarar, næringsaktørar eller forvaltarar av utmarka. Med eit interessant og samfunnsaktuelt innhald er boka òg høgaktuell for den jamne samfunnsengasjerte borgar. Utmark i endring er redigert av Frode Flemsæter, seniorforskar ved Ruralis og fyrsteamanuensis ved NTNU, og Bjørn Egil Flø, seniorforskar ved NIBIO.

ISBN9788202749330
UtgiverCappelen Damm akademisk
Originalt formatEPUB
RedaktørerFrode FlemsæterBjørn Egil Flø

Om boka

ISBN9788202749330
UtgiverCappelen Damm akademisk
Originalt formatEPUB
RedaktørerFrode FlemsæterBjørn Egil Flø

Fagområde

Logg inn for å lese gratis