Fallrettar og ekspropriasjonserstatning
Denne boka er inkludert i abonnementet Allvit+
Visste du at du kan abonnere på pensumbøker og få tilgang til denne og omtrent 2000 andre bøker?Les mer om Allvit+Beskrivelse
Fallrettar og ekspropriasjonserstatning handlar om erstatningsnivået for fallrettar i ekspropriasjonssaker. Frå 2008 og fram til i dag har ekspropriasjonsretten vorte lagt om som fylgje av rettspraksis frå Høgsterett.
Samstundes har det skjedd ei utvikling i jordskifterettane: Bruksordningar vert vedtekne for å samla fallrettar, for slik å leggja til rette for kraftutbygging. Som i tradisjonelle ekspropriasjonssaker finn det i desse sakene stad eit eigedomsinngrep. Broch Hauge drøftar kva verknader dette bør få for kompensasjonsspørsmålet. Forfattaren tek føre seg både ny og gamal jordskiftelov.
Idealnormanalyse blir brukt som metode for å vurdera og samanlikna dei to regelsetta. Forfattaren freistar å seia noko om korleis erstatningsnivået som blir handheva etter dei ulike regelsetta, reflekterer både samfunnsøkonomiske omsyn og visse rettferdsomsyn. Til slutt i boka tek forfattaren opp spørsmålet om erstatningsnivået for fallrettar og tilhøvet til Grunnlova § 105 og EMK TP 1-1.
Ph.d. Katrine Broch Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsplanlegging, Seksjon for eigedom og juss, på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Her underviser ho mellom anna i faga ekspropriasjonsrett og jordskifte. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning vart skriven då Broch Hauge var stipendiat ved Institutt for privatrett, Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho er framleis knytt til Forskargruppa i naturressursrett ved Det juridiske fakultetet.
Om boka
ISBN | 9788215040004 |
---|---|
Utgiver | Universitetsforlaget |
Utgaveopplysning | 1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2016 |
ISBN på tilsvarende papirutgave | 9788215025810 |
Originalt format | |
Forfattere | Katrine Broch Hauge |
Inkludert i abonnementet Allvit+ | Ja |
Tema
Denne boka er inkludert i abonnementet Allvit+
Visste du at du kan abonnere på pensumbøker og få tilgang til denne og omtrent 2000 andre bøker?Les mer om Allvit+Fallrettar og ekspropriasjonserstatning handlar om erstatningsnivået for fallrettar i ekspropriasjonssaker. Frå 2008 og fram til i dag har ekspropriasjonsretten vorte lagt om som fylgje av rettspraksis frå Høgsterett.