Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Personvern og ytringsfridom : avveginga mellom kolliderande menneskerettar
Bjørnar Borvik

Personvern og ytringsfridom : avveginga mellom kolliderande menneskerettar

2021Nynorsk407 sider
Denne boka er tilgjengelig i Allvit+! For kun 990,- får du tilgang til denne boka og omtrent 2000 andre bøker ut resten av året.Start Allvit+ nå!

Forfattaren tek for seg avveginga mellom personvern og ytringsfridom i norsk rett. Boka frå 2011 inneheld ei framstilling av det konstitusjonelle rammeverket for avveginga mellom personvernet og ytringsfridommen. Ulike grunnlag for fastlegginga av rangforholdet mellom desse menneskerettane blir drøfta. Retningslinjene og metodane for avveginga blir også framstilt. Dette rammeverket utgjer bakteppet for framstillinga og vurderinga av nokre av dei sentrale lovvilkåra og domstolsskapte avvegingsmarkørane som er utforma med sikte på å handtere avveginga mellom dei kolliderande rettane i saker om ærekrenkingar, hatefulle ytringar og offentleggjering av privatinformasjon. Denne boka inneheld også ei framstilling av den nye lovføresegna om ærekrenkingar i skadeserstatningslova § 3-6 a, som vil tre i kraft samstundes med straffelova 2005. Også dei øvrige lovendringane som vart gjort då Stortinget vedtok straffelova 2005, er omtalt. Boka er nyttig for dommarar, advokatar og andre som arbeider med spørsmålet om ytringsfridommens grenser. Boka bør også vere av interesse for journalistar og andre som har redaksjonelle funksjonar i massemediene. Studentar i journalistikk og medievitskap som vil ha kunnskap om dei rettslege rammene for journalistisk verksemd, vil ha utbytte av boka. Det same gjeld for studentar i rettsvitskap som ønskjer ei betre forståing av samspelet mellom konstitusjonelle normer og utforminga av formell lovgjeving og domstolsskapte avvegingsmarkørar.

ISBN9788215059549
UtgiverUniversitetsforlaget
Utgaveopplysning1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2011
ISBN på tilsvarende papirutgave9788215014579
Originalt formatPDF
ForfattereBjørnar Borvik
Tilgjengelig for opplesingNei
Tilgjengelig i Allvit+Ja

Om boka

Tema

Dine data – ditt valg

Våre nettsider benytter informasjonskapsler (cookies) og brukerdata til analyse og noen funksjoner. Les mer om hva slags data vi bruker, hvordan vi administrerer dem og dine rettigheter i cookie-erklæringen vår.

Du kan velge å kun ha nødvendige informasjonskapsler og brukerdata, men du kan også velge å godta alle. Slik hjelper du oss med å finne de riktige bøkene og tilpasse tjenesten for deg!