Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Etikk i klinisk sjukepleie
Anne Kari Tolo Heggestad

Etikk i klinisk sjukepleie

2023Nynorsk160 siderOpplesing tilgjengelig
Foreløpig ikke tilgjengelig i Allvit+

«Etikk i klinisk sjukepleie» er ei praksisnær innføringsbok i etikk for sjukepleie. I boka tar forfattaren studentane med inn i klinisk sjukepleie og viser korleis etisk sensitivitet alltid må vere til stades i pasientbehandling. Typiske etiske problemstillingar blir gjennomgått, som utfordringar knytt til autonomi og tvang, teieplikt, abort og begrensing av livsforlengande behandling. Forfattaren viser korleis overordna verdiar kan kollidere i slike situasjonar, og korleis ein gjennom arbeid med etisk refleksjon kan bli tryggare i desse situasjonane. Boka legg vekt på etiske refleksjonsmodellar, og forfattaren viser korleis dei kan hjelpe oss å sortere argument når vi står overfor vanskelege etiske problem. Det blir også gjort greie for korleis kliniske etikk-komitéar og etikkråd arbeider, og mot slutten av boka blir yrkesetiske retningslinjer, teieplikta og opplysningsplikta grundig presentert og drøfta. I den reviderte utgåva har etiske teoriar fått større plass, og også gjennomgangen av etiske problemstillingar er utvida, særleg når det gjeld livets slutt, prioritering, og teknologi. Anne Kari Tolo Heggestad er professor ved VID Vitenskaplige høgskole i Oslo, der ho mellom anna underviser i etikk for sjukepleiarstudentar både på bachelor- og masternivå. Ho disputerte i 2014 med ei avhandling i sjukepleieetikk: .To be taken seriously as a human being" «A qualitative study on dignity in dementia care.» Heggestad har tidlegare undervist i etikk i sjukepleieutdanninga ved Oslo Met og vore forskar ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo.

ISBN9788234005602
UtgiverSamlaget
Utgaveopplysning1. e-bokutgave tilsvarer 2. trykte utgave 2022
ISBN på tilsvarende papirutgave9788234005596
Originalt formatEPUB
ForfattereAnne Kari Tolo Heggestad
Tilgjengelig for opplesingJa
Tilgjengelig i Allvit+Nei

Om boka

Tema

Dine data – ditt valg

Våre nettsider benytter informasjonskapsler (cookies) og brukerdata til analyse og noen funksjoner. Les mer om hva slags data vi bruker, hvordan vi administrerer dem og dine rettigheter i cookie-erklæringen vår.

Du kan velge å kun ha nødvendige informasjonskapsler og brukerdata, men du kan også velge å godta alle. Slik hjelper du oss med å finne de riktige bøkene og tilpasse tjenesten for deg!