Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Norsk historie 1814-1905 : å byggje ein stat og skape ein nasjon
Jan Eivind Myhre

Norsk historie 1814-1905 : å byggje ein stat og skape ein nasjon

2022Nynorsk364 siderOpplesing tilgjengelig
Ikke inkludert i abonnementet Allvit+

Bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå å vere underordna i ein union med Danmark til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Begge forteljingane er nær knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen.
Den nye utgåva er betydeleg revidert. Teksten er gjennomarbeidd på nytt med komparative blikk til andre delar av Nord-Europa og med sentrale forskingsdebattar integrert i framstillinga.
Jan Eivind Myhre er professor emeritus i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo. Hans arbeidsfelt er moderne norsk og europeisk historie etter 1800, med særleg vekt på sosialhistorie, befolkningshistorie, migrasjonshistorie, byhistorie og historiografi. Myhre har tidlegare utgitt ei rekkje bøker og mellom anna vore medforfattar på verka Norsk innvandringshistorie (2003) og Norsk byhistorie 700-2000 (2006).

ISBN9788234007910
UtgiverSamlaget
Utgaveopplysning2. e-bokutgave tilsvarer 3. trykte utgave 2022
ISBN på tilsvarende papirutgave9788234007903
Originalt formatEPUB
ForfattereJan Eivind Myhre
Tilgjengelig for opplesingJa
Inkludert i abonnementet Allvit+Nei

Om boka

Fagområde