Kritisk refleksjon i sosialt arbeid
Denne boka er inkludert i abonnementet Allvit+
Visste du at du kan abonnere på pensumbøker og få tilgang til denne og omtrent 2000 andre bøker?Les mer om Allvit+Beskrivelse
Kritisk refleksjon i sosialt arbeid gjev ei teoretisk innføring i kritisk refleksjon. I denne boka frå 2011 viser forfattarane korleis praktikarar og forskarar saman har utvikla kunnskap gjennom kritisk refleksjon over eige arbeid. I dagligtale vert orda refleksjon og kritisk refleksjon ofte brukt synonymt. Det kritiske i denne samanhengen viser til kritisk teori. Tema som makt og samspelet mellom individ og samfunn er sentrale i kritisk teori, og dei går att i den kritiske refleksjonen. Ideen med kritisk refleksjon er å læra av praksis og la den nye kunnskapen føra til endring. Dette kan bidra til å knyta teoretisk og etisk innsikt saman med kjensler og praktisk erfaring. Boka kan inspirera til å integrera kritisk refleksjon i daglig praksis, både hos den enkelte praktikaren, i kollegafellesskapet og på organisasjonsplan. Målgruppene for boka er studentar ved sosialarbeidarutdanningane og andre velferdsutdanningar, tilsette og medforskarar i praksisfeltet, og brukarar og brukarorganisasjonar. HUSK (Høgskole- og universitetssosialkontor) har vore eit femårig forsøk frå 2006-2011 for å utvikla nye, forpliktande og likeverdige samarbeidsformer mellom forsking, utdanning, praksis og brukarar i sosialtenesta/Nav. Arbeids- og velferdsdirektoratet har finansiert og hatt det overordna ansvaret for HUSK.
Om boka
ISBN | 9788215051710 |
---|---|
Utgiver | Universitetsforlaget |
Utgaveopplysning | 1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2011 |
ISBN på tilsvarende papirutgave | 9788215018881 |
Originalt format | |
Redaktører | Gurid Aga Askeland |
Inkludert i abonnementet Allvit+ | Ja |
Denne boka er inkludert i abonnementet Allvit+
Visste du at du kan abonnere på pensumbøker og få tilgang til denne og omtrent 2000 andre bøker?Les mer om Allvit+Kritisk refleksjon i sosialt arbeid gjev ei teoretisk innføring i kritisk refleksjon. I denne boka frå 2011 viser forfattarane korleis praktikarar og forskarar saman har utvikla kunnskap gjennom kritisk refleksjon over eige arbeid. I dagligtale vert orda refleksjon og kritisk refleksjon ofte brukt synonymt. Det kritiske i denne samanhengen viser til kritisk teori. Tema som makt og samspelet mellom individ og samfunn er sentrale i kritisk teori, og dei går att i den kritiske refleksjonen. Ideen med kritisk refleksjon er å læra av praksis og la den nye kunnskapen føra til endring. Dette kan bidra til å knyta teoretisk og etisk innsikt saman med kjensler og praktisk erfaring. Boka kan inspirera til å integrera kritisk refleksjon i daglig praksis, både hos den enkelte praktikaren, i kollegafellesskapet og på organisasjonsplan. Målgruppene for boka er studentar ved sosialarbeidarutdanningane og andre velferdsutdanningar, tilsette og medforskarar i praksisfeltet, og brukarar og brukarorganisasjonar. HUSK (Høgskole- og universitetssosialkontor) har vore eit femårig forsøk frå 2006-2011 for å utvikla nye, forpliktande og likeverdige samarbeidsformer mellom forsking, utdanning, praksis og brukarar i sosialtenesta/Nav. Arbeids- og velferdsdirektoratet har finansiert og hatt det overordna ansvaret for HUSK.
Om boka
ISBN | 9788215051710 |
---|---|
Utgiver | Universitetsforlaget |
Utgaveopplysning | 1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2011 |
ISBN på tilsvarende papirutgave | 9788215018881 |
Originalt format | |
Redaktører | Gurid Aga Askeland |
Inkludert i abonnementet Allvit+ | Ja |