Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Barn og kommunikasjon : om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy
Lila Marie MobergNora Linden

Barn og kommunikasjon : om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy

2012Nynorsk143 sider
Foreløpig ikke tilgjengelig i Allvit+

Korleis kan bruk av digitale verktøy bidra til å styrka barnehagen som ein lærande organisasjon? Korleis kan dei vaksne i barnehagen bidra til å gjera digitale verktøy til ein ressurs for barns leik og læring?

Dette er ei bok om bruk av digitale verktøy saman med barn i barnehage og dei første åra i grunnskulen. Boka gir god innføring i korleis digitale verktøy kan integrerast og brukast som ein del av leikeutstyret i barnehagen. Ein av forfattarane tok del i forskningsprosjektet Kreativ bruk av IKT i barnehagen som vart gjennomført i perioden 2004 til 2006. Det er henta mange gode erfaringar og praktiske døme frå det. Erfaringar frå prosjektet viser at barna utvikla kreativitet, omsorg og sosial kompetanse. Boka viser også korleis ein kan nytta digitale verktøy til å arbeida med dei sju fagområda slik det vert stilt krav om i rammeplan for barnehagen 2006.

Boka gir både ei praktisk og ei teoretisk framstilling av temaet. I tillegg til å gi ei grundig innføring i korleis barnehagen kan ta i bruk digitale verktøy på ein god og pedagogisk måte, tar dei opp viktige tema som:

· Barn med særskilte behov, med fokus på utvikling og meistring ved bruk av IKT

· Barn med andre morsmål enn norsk og leik med IKT

· Bruk av bilete, etikk og personvern
Dette er ei bok for studentar i førskulelærarutdanninga og for studentar som tar sikte på å arbeida med dei yngste i grunnskulen. Men like mykje vil det vera ei ressursbok til tilsette i barnehagen, foreldre og andre vaksne som er interesserte i barns bruk av digitale medium.

ISBN9788205444706
UtgiverGyldendal akademisk
Utgaveopplysning1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2008
ISBN på tilsvarende papirutgave9788205380547
Originalt formatPDF
ForfattereLila Marie MobergNora Linden
Tilgjengelig for opplesingNei
Tilgjengelig i Allvit+Nei

Om boka

Fagområde

Dine data – ditt valg

Våre nettsider benytter informasjonskapsler (cookies) og brukerdata til analyse og noen funksjoner. Les mer om hva slags data vi bruker, hvordan vi administrerer dem og dine rettigheter i cookie-erklæringen vår.

Du kan velge å kun ha nødvendige informasjonskapsler og brukerdata, men du kan også velge å godta alle. Slik hjelper du oss med å finne de riktige bøkene og tilpasse tjenesten for deg!